• Hjem
  • Program
  • AVLYST! Henning Sommerro: Jostedalsrypa Ålesund Kammermusikkfestival

Program

AalesundKammermusikkFestivalPoster50x70cm12februar02.jpg

 

AVLYST! Henning Sommerro: Jostedalsrypa Ålesund Kammermusikkfestival
Last ned som iCal-fil

Dato: Fredag 09 april 2021
Tid: Kl. 19:00

Pris: 275/125
Sted: Sobra scene

Om Jostedalsrjupa: 

«Dei kom frå Luster og Leikang
Drog over isen og kom til ei tom bygd Historia om jenta vart skapt.»

Me har alltid vore fascinerte over historia om Jostedalsrjupa; den vesle jenta som overlevde Svartedauden og plutseleg var heilt åleine i verda. Det viste seg at Henning delte den same fascinasjonen. Slikt blir det musikk av!

Forteljinga seier at då jenta vart funnen, var ho blitt vill som ein fugl og mista språket. Det einaste ho kunne seia var «Mor. Vetle rjupa».
Liknande forteljingar går att i ei rad segner om Svartedauden landet rundt, men historia om Jostedalsrjupa er nok den mest kjende.

Me elskar dei enorme kontrastane i historia: frå den vesle jenta midt i den levande naturen, til den forferdelege døden, mørkret og einsemda som omgav henne.

Lang tid har gått sidan Svartedauden herja, men katastrofar vil alltid eksistera. Korleis reagerer me menneske når krisa råkar? I desse dagar har temaet blitt uhyggeleg aktuelt.

Heldigvis inneheld ikkje denne konserten berre einsemd og død. Me framfører også nokre av Sommerro sine vakraste viser om livet, håpet og kjærleiken. Grieg og Tveitt stikk innom. Håpar å sjå deg der også!

Gavekort

Gi bort kulturopplevelser! Kjøp et eGavekort - det kan brukes til alle våre forestillinger.

Gavekortet skrives ut med en strekkode som scannes når kortet benyttes, og har en pinkode til bruk ved kjøp av ebillett.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær først til å få med deg nyheter og kommende arrangementer.
Ålesund kommune

Billettkjøp