Elskov mellom linjene

Elskov mellom linjene

Gunnhild Øyehaug, Margreth Olin og Bjørn Vatne

28. jan 2027 kl. 20:45 - 21:30

Hvor: Hovedscene
Pris: 100kr

Om hovedscenen

Foajeen åpner en time før arrangementet starter.

Dørene til salen åpner  ca 20-30 minutter før arrangementstart.

Våre arrangement starter presis.

Se øvrig praktisk informasjon her.

Servering
Vi tillater en enhet pr person inn i salen.
Baren er stengt under forestilling, men åpen i pausene.

Ledsager
For personer med ledsagerbevis, kan egne billetter til ledsager lastes ned samtidig med ordinært billettkjøp. Ledsagerbevis fremvises ved inngang.

Teleslynge
I hovedsalen er det best signal på de ytterste setene i fremste halvdel av salen. Mer info

Margreth Olin, Gunnhild Øyehaug og Bjørn Vatne - Elskov mellom linjene 

Det går ikkje an å skrive godt om sex og begjær! Sanning eller myte? Kan ein eigentleg famne det nære og intense, ordlause og fysiske i ord? Margreth Olin, Gunnhild Øyehaug og Bjørn Vatne har prøvd.  

Margreth Olin (frå Stranda) er filmskapar og forfattar. Dokumentarfilmane hennar har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar, blant anna to Amandaprisar. I 2024 gav ho ut den hylla boka Song til mor. Ho er no aktuell med Utan språk for kjærleik. I denne nære, suggererande og humørfylte romanen møter vi ei kvinne som møter att barndomsvenen sin. Han som blei kalla Vandrepokalen og var den finaste guten i bygda der ho vaks opp. «Her skildres begjær og besettelse på en sanselig og overbevisende måte» (Dagbladet). «Styrken i Utan språk for kjærleik er at han utforskar språket ein ikkje har når det gjeld» (Dag og Tid). 

Gunnhild Øyehaug (fødd i Volda og oppvaksen i Ørsta) debuterte i 1998 med ei diktsamling, og har sidan skrive novellesamlingar, romanar, essaysamlingar, og også filmmanus og skodespel. I 2018 vart romanen Vente, blinke nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA. Ho var Årets festspeldiktar i Bergen, har vunne båe Aschehougprisen og Samlagsprisen og er nominert til Brageprisen i 2026. Novellesamlinga Elskarane mine kom ut i 2026 til overstrøymande kritikkar. «Desse novellene lagar små eksplosjonar av lykke» (NRK). «Trollbinder leseren» (Dagbladet). «Kåtskapen er smittsom» (Vårt Land). 

Samtalen leiast av journalist og forfattar Bjørn Vatne (frå Spjelkavik). Han har skrive Underliv, ein roman om sexleiketøy og kommunesamanslåing, og bidrog til antologien Attrå: erotiske fantasiar i 2026.