Cortex m/Hedvig Mollestad

Cortex m/Hedvig Mollestad

Jazzsirkelen x Parken kulturhus

10. apr 2027 kl. 21:00 - 22:00

Hvor: Foajeen
Pris: 1284kr

Om foajeen

Inngang fra byparken eller hovedinngang.

Foajeen åpner normalt en time før arrangementet starter.

Stoloppsett vil variere etter forventet besøk. Det er ikke faste plasser.

Se øvrig praktisk informasjon her.

Tilgjengelighet
Handicaptoalett i 1.etg. Det er heis i 1. etg. som går til 4. etg.

Servering
Det er bar i lokalet. Den er normalt sett åpen hele arrangementet.

Teleslynge
I foajeen fungerer teleslyngen best på innsiden av søylene. Vær oppmerksom på at teleslyngen av og til må skrus av, da signalene kommer i konflikt med andre tekniske installasjoner. Mer info

Konserten er eit samarbeid mellom Parken kulturhus og Jazzsirkelen

Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007 med ein solid internasjonal CV. Bandet fokuserer på originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks.

Til saman blir beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet – Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. 

Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvitig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.

 På «Did We Really?» har dei med seg den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad – jazzgitaristen ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden – som både bidrar med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazzorkester og Hilde Kjersem. 

Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å riste av fryd.

 Besetning:
Hedvig Mollestad – gitar
Thomas Johansson – trompet
Kristoffer Berre Alberts – saksofoner
Ola Høyer – kontrabass
Dag Erik Knedal Andersen – trommer