Musikalske meisterverk

Musikalske meisterverk

Opera Nordfjord

26. apr 2026 kl. 17:00 - 19:20

Hvor: Hovedscene
Pris: fra 375kr til 475kr

Om hovedscenen

Foajeen åpner en time før arrangementet starter.

Dørene til salen åpner  ca 20-30 minutter før arrangementstart.

Våre arrangement starter presis.

Se øvrig praktisk informasjon her.

Servering
Vi tillater en enhet pr person inn i salen.
Baren er stengt under forestilling, men åpen i pausene.

Ledsager
For personer med ledsagerbevis, kan egne billetter til ledsager lastes ned samtidig med ordinært billettkjøp. Ledsagerbevis fremvises ved inngang.

Teleslynge
I hovedsalen er det best signal på de ytterste setene i fremste halvdel av salen. Mer info

Distriktsoperaen på Nordfjordeid har fått med seg Musikklinjekoret på Firda vidaregåande skule og Ålesund Operakor, og saman med eigne korsongarar vil prosjektkoret telle ca. 110 songarar.  

Solistar er sopran Lydia Hoen Tjore frå Radøy og Cecilia Lund Tomter fra Oslo, og vi får høyre dei både i eigne ariar, i duett fra Rosenkavaleren av Richard Strauss og heilt til slutt i sjølve hovudverket på konserten, som sjeldan blir framført på desse kantar: siste sats fra Mahler sin mektige 2. symfoni, «Oppstandelsessymfonien», der solistar, kor og eit utvida operaorkesteret når nye høgder i ein skjellsettende musikalsk finale. 

Det er dirigent Michael Pavelich som har sett saman repertoaret for konserten, og han garanterer ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. Før den mektige avslutninga får publikum oppleve både den staselige overtüren til Die Meistersinger av Wagner, korkantaten Singet dem Herrn av J. S. Bach, ariar frå Samson and Dalila av Saint-Saëns og Lucrezia Borgia av Donizetti og ei perle av eit korstykke, Tendre Amour, som mildt og stille avsluttar første avdeling, før det brakar laust etter pause. 

Dei tre kora ser fram til ein kjekk vår med innøving av vakker kormusikk ein ikkje høyrer så ofte; det er ingen tvil om at både solistar, kor og orkester skal få glitre i tur og orden på konsertscenene på Nordfjordeid, i Førde og i Ålesund, forhåpentlegvis for fullsette salar!