Tonje Glimmerdal

Tonje Glimmerdal

Teatret vårt

16. nov 2025 kl. 17:00

Hvor: Hovedscene
Pris: fra 160kr til 270kr

Om hovedscenen

Foajeen åpner en time før arrangementet starter.

Dørene til salen åpner  ca 20-30 minutter før arrangementstart.

Våre arrangement starter presis.

Se øvrig praktisk informasjon her.

Servering
Vi tillater en enhet pr person inn i salen.
Baren er stengt under forestilling, men åpen i pausene.

Ledsager
For personer med ledsagerbevis, kan egne billetter til ledsager lastes ned samtidig med ordinært billettkjøp. Ledsagerbevis fremvises ved inngang.

Teleslynge
I hovedsalen er det best signal på de ytterste setene i fremste halvdel av salen. Mer info

Ei juleforestilling med fart og sjølvtillit

Tonje er på mange måtar Norge si Pippi Langstrømpe. Ho er den einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett, der ho herjar nedover fjellsidene på ski. No nærmar det seg jul i den vesle dalen.

Alle likar Tonje, unntatt den kyniske business-campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje born i det heile teke og har innført forbod mot born på det han kallar ”Hagen-Helsecamping”. Tonje sin bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år. Dei to kjenner kvarandre ut og inn – eller gjer dei eigentleg det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten fot, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, og det blir ein kamp for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: 'Fart og sjølvtillit'.

Tonje er ikkje ei jente som gjev opp lett. Ho veit å ta ting i eigne hender og forvandle det vonde til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Ho er snart ti år gamal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre! Vil Tonje rekke å ordne opp i alle problema før julefreden kan senke seg?

Tonje Glimmerdal på Teatret Vårt er ei heilt ny forestilling basert på den kjende og godt likte romanen, og hadde premiere i november 2024. Kjersti Sandal har skrive ein nær og stemningsrik versjon som finn stad i julehøgtida. Anne Wiig spelar Tonje Glimmerdal med varme, humor og action i denne spektakulære forestillingen. Sindre Klykken har skrive musikken, akkompagnert på fele av Britt Elise Skram, medan scenograf Dagny Drage Kleiva har trylla fram ei leiken og fantasifull verd som vil fenge og fortrylle publikum.

Maria Parr frå Vanylven i Møre og Romsdal har blitt ei superstjerne i moderne barnelitteratur, og det var gjennom boka om Tonje Glimmerdal ho fekk sitt store gjennombrot. Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!», står det i bokomtalen. Boka fekk både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009. Maria Parr har også blitt samanlikna med Astrid Lindgren, og var i 2024 nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for boka Oskar og eg.

Bli med på ei varm og actionfylt førjulstid i Glimmerdalen.

Romsdals Budstikke trilla terningkast 6!
Glimrende Glimmerdal! En komplett glimrende og intens time gikk som en sunnmørsvind i lag med Tonje Glimmerdal, vennen Ole, enda-bedrevenn gamle Gunvald og de andre helstøpte figurene i den Glimmerdalen Teatret Vårt forærer publikum som en av juleforestillingene i år.

Premiere 22. november 2024

Varighet ca. 1 time

Passer for alle frå 4 år.

Av
Maria Parr

Dramatisering og regi
Kjersti Sandal

Scenograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva

Lysdesigner
Jonas P A Fuglseth

Komponist og lyddesigner
Sindre Klykken

Musikar
Britt Elise Skram

Maskør
Maren Togstad

Koreograf
Nikita Kistochka

Med
Anne Wiig, Anette Sissener Amundsen, Conrad James McLean, Lars Melsæter Rydjord