21. des 2024
Anita Valderhaug m/gjester
Julero
Hovedscene
Teatret vårt
4. apr 2025 kl. 19:00
Hvor: | Hovedscene |
---|---|
Pris: | fra 215kr til 430kr |
Om hovedscenen
Foajeen åpner en time før arrangementet starter.
Dørene til salen åpner ca 20-30 minutter før arrangementstart.
Våre arrangement starter presis.
Se øvrig praktisk informasjon her.
Servering
Vi tillater en enhet pr person inn i salen.
Baren er stengt under forestilling, men åpen i pausene.
Ledsager
For personer med ledsagerbevis, kan egne billetter til ledsager lastes ned samtidig med ordinært billettkjøp. Ledsagerbevis fremvises ved inngang.
Teleslynge
I hovedsalen er det best signal på de ytterste setene i fremste halvdel av salen. Mer info
Ein musikal om Ivar Aasen
Kor spennande kan ein musikal om Ivar Aasen vere? Meir enn du trur! Bak ordlistene og grammatikkens strenge reglar ligg eit dramatisk livsval. For Aasen handla ikkje språkarbeidet berre om bøyingar og pronomen – men om å gi opp kjærleiken for eit større mål.
Kva verdi har det å finne eit nytt ord for «eg elskar deg» om ingen seier det til deg? Kva er vitsen med å finne eit nytt ord for kjærleik, dersom du ikkje har nokon å gje kjærleik til?
Som ung tjueåring blei Ivar Aasen forelska og forlova seg, men han vart rådd til å gi slepp på kjærleiken for å vie seg til språkarbeidet. Det valet skulle forme resten av livet hans. Han enda opp einsam i ein sliten leilegheit i Christiania – rik på pengar, men fattig på kjærleik.
I musikalen blir Aasens indre kamp og personlege tap levande for publikum. Musikken er inspirert av den store Great American Songbook-tradisjonen og byr på både kraftfulle songar og nære, sårbare scener der Aasens indre kamp kjem til syne. Med ein dynamikk som vekslar mellom song, dans og sterke følelsar, vert publikum trekt inn i både dei store scenene fulle av energi og dei personlege møta der lengsel, kjærleik og offeret kjem tett på.
I ei tid der «ta vare på deg sjølv først» er mantraet, utfordrar denne musikalen den moderne tanken. Kva er eigentleg viktigast – å realisere seg sjølv eller å ofre noko for andre? Med humor og tragedie vevd saman utforskar framsyninga korleis Aasen vann kongeriket, men betalte med si eiga lukke.
Velkomen til ein musikal om å satse alt, vinne fram, men bomme på det viktigaste.
Premiere 19. mars 2025
Manus og regi
Nils Petter Mørland
Komponist og musikkansvarleg
Håvard Gressum Antonsen
Senograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva
Koreograf
Stian Danielsen
Lysdesignar
Oscar Udbye
Med
Lars Melsæter Rydjord, Sara Fellman, Johanna Mørck, Anne Wiig, Anette Sissener Amundsen, Jon Vegard Hovdal
Søket ditt ga dessverre ingen treff.